Blodsporkurs

Sist oppdatert 10/04/24, klokken 16:18

Då er det klart for nytt blodsporkurs og instruktøren er Sondre Skutle. Sondre har halde kurset før og er utdanna blodspor – og ferskspordommar.

Oppstart tysdag 28. mai kl 18.00 ved Voss ski og tursenter (ved stor garasje).

Kurset vil gå over 3 kvelder, med mogelegheit til meir. I utgangspunktet skal kurset haldast på tysdagar. Kurset er for alle nivå. Alle hunder med nasa kan bli med på dette! Max 10 deltakarar.

Oppbygging av kurset:

Fyrste kveld vil me ha noko teoretiske perspektiv (45 min) før ein startar praktisk samme kveld. Resterande del av kurset er praktisk med veiledning 1-til-1.

Kurset kostar 1000 kr  for medlem av Voss hundeklubb og kr 1450 for ikkje-medlem. Kursavgifta skal betalast inn til klubben og merkast med blodsporkurs 2024 og navn, innen 4.juni.

Kontonr: 3480.16.37398

Påmelding evt spørsmål sendes  til:

Jakt@vosshundeklubb.com

sonskutle@gmail.com                    tlf:90267837