Lydigheit/rallylydigheit

Treningstider

Fast konkurransetrening torsdagar kl 18-20 (unntatt vinterstid). Alle som trenar for konkurranse er hjarteleg velkomne.

Siste nytt Lydigheit

Kva er lydigheit?

Trening av hund med tanke på å konkurrere i lydigheit er moro for både hund og eigar. I denne hundesporten lærer ein å spele på lag med hunden, og hunden lærer å samarbeide med førar.

Lydighet er en teknisk hundesport, der hund og eigar skal utføre faste øvingar bygd opp av fleire momentet. I konkurranse vert øvingane bedømt etter dei kriterier som er beskrive i regelverket.  I lydigheit konkurrerer ein i 4 klassar (klasse 1, klasse 2, klasse 3 og FCI klasse 3). Øvingane blir meir avanserte oppover i klassane.

Basisøvelsene i lydigheit byggjer på det ein forventar at ein normalt lydig hund skal kunne; På plass, sitt, dekk, stå, bli, hopp, apport og frem. Alle lydighetsøvingane er variantar av desse grunnelementene.

Det vert arrangert lydigheitsprøvar rundt om i landet og Voss hundeklubb arrangerer lydigheitsstevne om lag kvart år.

Sjå elles «Regelverk for lydigheitsprøver» som ein fin på NKK sine sider.

Kva er rallylydigheit?

Rallylydigheit er ein veksande hundesport som vart godkjent i Norsk Kennel Klubb i 2013. Hovudfokus i rallylydigheit er glede, gode haldningar og samspel mellom hund og eigar.

Sporten går ut på å gå gjennom ein bane som består av 15-22 skilt med ulike øvingar frå lydigheit, agility og feestyle. Skilta fortel deg kva du skal gjere, enten på staden eller vidare til neste skilt – derav navnet Rally. Ekvipasjen skal gå lineføring/fri ved fot, mellom skilta dersom ikkje anna er beskrive på skiltet. Dommaren held seg taus under heile konkurransen. Ekvipasjen startar med 200 poeng og dommar trekkjer frå poeng dersom ekvipasjen gjer feil undervegs.

Det er nye banar for kvar konkurranse slik at skiltkombinasjonane ikkje er gitt på førehand. Det er offisielt fire klassar (1, 2, 3 og elite) der vanskelegheitsgrada aukar oppover i klassane.

Sjå elles Norsk Rallylydighetsklubb si heimeside. www.rally-lydighet.com

Ved spørsmål, ta kontakt: lp@vosshundeklubb.com