Nybegynnerkurs i rallylydigheit

Sist oppdatert 05/10/23, klokken 15:49

Det vert arrangert nybegynnerkurs i Rallylydigheit med fokus på klasse 1 og klasse 2. Kursa vert halde i hundehallen fylgjande onsdagar frå kl 18.00-21.00:

  • 25.10.2023
  • 01.11.2023
  • 15.11.2023
  • 29.11.2023

I rallylydighet går eigar og hund saman ein bane som består av 15-22 ulike rallyskilt. Rallykilta inneheld øvingar med moment m.a. frå lydigheit, agility og feestyle. Det er nye banar for kvar konkurranse slik at skiltkombinasjonane ikkje er gitt på førehand. Før konkurransen får ein 10 min til å briefe banen. Alle startar konkurransen med 200 poeng og får ein feil blir poeng blir trekte frå. Det er offisielt fire klassar (1, 2, 3 og elite) der vanskelegheitsgrada aukar oppover i klassane.

Hovudfokus i rallylydigheit ligg på glede, samspel og gode haldningar mellom hund og eigar. Eigar har derfor lov til å rose og oppmuntre hunden under konkurransen. Sporten passer derfor godt for alle hundar.

Sjå også: http://www.rally-lydighet.com/praktiskinfo/regler-skilt-baner-mm/skilt/

Voss hundeklubb ynskjer å tilby kurs for å auke aktiviteten og kompetansen innan rallylydigheit. Me har som regel konkurransetrening torsdagar, der annakvar torsdag har fokus på klasse 1 og 2 og annakvar klasse 3 og elite. Me ynskjer at dei som er med på treningane tek kurs (dette eller tilsvarande) slik at de har noko kjennskap til sporten.

Forkunnskapar for kurset

Det er ein fordel om hunden kan litt lineføring helst med kontakt, samt enkle øvingar som sitt, dekk og bli etc. Dette er ikkje eit krav, men du vil få mest ut av kurset då. Det vil elles bli tilpassa den enklte

Instruktør: Rønnaug Nesheim

Pris: Kr 1500 for medlem / kr 2000 for ikkje-medlem av Voss hundeklubb

Maks tal deltakarar: 6 stk

Påmelding til lp@vosshundeklubb.com (innan 18.10.2023)