Agility

Treningstider

Kvar tirsdag kl. 18:00 – 20:00 på Tvildemoen.

Siste nytt Agility

Kva er agility?

Agility er hinderløype for hund og vart introdusert i Norge i 1986. Sidan den gongen har sporten vakse seg stor og i dag har sporten mange aktive, både menn og kvinner, barn og eldre.

Dette har for mange blitt ein sport for heile familien og det er noko av det som gjer sporten så unik. Dette er noko alle kan halda på med så lenge ein kan bevega seg og har ein hund som er frisk.

På konkurransar ser ein alt frå 9-åringar til 70-åringar. Både små og store hundar kan delta, også blandingshundar som er registrert i NOX-registeret til Norsk Kennel Klubb (dei kan derimot ikkje delta på landslag og i verdensmesterskapet).

Hundane blir delt opp i klassar etter størrelse (small, medium og large) og nivå (klasse 1 som er nybyrjarklasse, klasse 2 og klasse 3).Banane er ulike for kvar konkurranse derfor får ein ca 10.minuttar på å læra seg banen og finna ut korleis ein best skal få hunden gjennom utan feil.

Ved spørsmål, ta kontakt: ag@vosshundeklubb.com