Bruks

Treningstider

Rundering laurdagar kl. 09.30.
Treninga er oftast på Istadmyrane, men terrenget kan variere litt. Ring Siv på 97 19 26 03 for meir info og for å sette deg på treningslista. Siv sender ut innkalling til runderingstrening pr SMS til alle på lista kvar fredag. Dei som ynskjer å delta svarar og får tilbakemelding om kor me skal ha treninga den dagen.

Treninga startar 09:30 varar til alle ekvipasjane er ferdige – alle hjelper alle. Er me mange, deler me oss ofta i to grupper slik at treninga ikkje tek fullt så mange timar. Ta med mat og drikke, noko og sitta på samt belønning til hunden.

Alle er velkomne. Treningane er gratis for medlemmer i Voss Hundeklubb. Klubben dekker utgifter til bompengar der me har avtalar om det og stiller med samband til bruk under trening.

Kva er brukslydigheit?

Brukshundsporten er ei grein innan hundesporten som inkluderer ulike søksmetodar på menneske og gjenstandar, samt apell (banelydigheit).
Dei ulike metodane for søk er rundering, spor og feltsøk.

Rundering: Ei systematisk gjennomsøking av eit terrengområde, der hunden leitar etter og finn figurantar (personar). Hunden melder tilbake til føraren om at den har funne. Rundering er ei spennande øving med veldig mange moment. Den utviklar både førar og hund på mange nivå.

Spor: Hunden følgjer eit menneskespor som er gått ut på eit tidlegare tidspunkt. Hunden følgjer sporet til endes og markerer på gjenstandar (pinnar) som er lagt ut i sporet.

Felt: Hunden søker gjennom eit område på 20×50 meter eller 50×50 meter. Gjenstandar som er lagt ut tek han med seg og avleverer til føraren.

Rundering, spor og felt er morosame og utviklande øvingar for hund og førar. Hundane får brukt sansane sine, og blir trygge og lærar seg å jobba sjølvstendig samtidig som føraren leiar hunden gjennom øvinga. Lydnadsøvingane gjer at hunden må konsentrere seg om føraren og jobbe fokusert gjennom fleire øvingar.

Bruksgruppa i Voss Hundeklubb arrangerer tre stevner i året, to om våren og eit om hausten. Me arrangerer også kurs.

For meir informasjon om brukshund, og brukshundsport samt resultatlister finn du på Norsk Brukshundsports Forbund sine heimesider.

Er du nyskjerrig på bruks, ta kontakt med Reni på mail: bruks@vosshundeklubb.com