Kurs i rallylydigheit klasse 1 og klasse 2

Sist oppdatert 19/05/23, klokken 14:57

Voss hundeklubb arrangerer kurs i Rallylydigheit klasse 1 og klasse 2 i hundehallen fylgjande onsdagar kl 18-20:

  • 12/4
  • 19/4
  • 3/5
  • 10/5
  • 24/5
  • 7/6

Forkunnskapar:

Litt kjennskap til rallylydigheit. Det er ein fordel om hunden kan lineføring/fri-ved-fot, samt enkle grunnmoment som sitt, dekk, bli osv.

Om kurset:

Kurset legg opp mest mulig praktisk rallytrening med hund der ein set opp både skiltkombinasjonar og fulle banar. I løpet av kurset skal ein ha vore gjennom og trent på alle skilta i klasse 1 og klasse 2. Vidare vert det fokus på konkurranseretta trening med mål om å gjera deltakarar klare for konkurranse i klasse 1 og klasse 2 om det er ynskjeleg.

Litt om rallylydigheit:

I rallylydighet går eigar og hund ein bane saman i ei bestemt rekkefølgje. Banen består av 15-22 skilt med ulike øvingar frå lydigheit, agility og feestyle. Det er nye banar for kvar konkurranse slik at skiltkombinasjonane ikkje er gitt på førehand. Før konkurransen får ein 10 min til å briefe banen. Alle startar konkurransen med 200 poeng og om ein får feil blir poeng blir trekte frå. Det er offisielt fire klassar (1, 2, 3 og elite) der vanskelegheitsgrada aukar oppover i klassane.

Hovudfokus i rallylydigheit ligg på glede, samspel og gode haldningar mellom hund og eigar. Eigar har lov til å rose og oppmuntre hunden under konkurransen. Sporten passer godt for alle hunderasar.

http://www.rally-lydighet.com/praktiskinfo/regler-skilt-baner-mm/skilt/

Voss hundeklubb har som hovedregel konkurransetrening kvar torsdag, og ynskjer at dei som blir med på treningane tek kurs (dette eller tilsvarande) og/eller har god kjennskap til hundesporten.

Instruktør: Rønnaug Nesheim

Pris:     Kr 1400 for medlem

Kr 1850 for ikkje-medlem

Maks antal deltakarar: 6 stk

Påmelding til lp@vosshundeklubb.com (innan 5. april)

 

Introkurs i rallylydigheit kl 1 og 2 – 4. og 5. mars 2023

Sist oppdatert 14/03/23, klokken 07:46

7/2 – KURSET ER FULLT – men send gjerne e-post om du er ynskjer å stå på venteliste. Er det nok interesserte kan me setje opp eit kurs til i vår.

Det vert Introkurs i Rallylydigheit klasse 1 og klasse 2 i hundehallen 4. og 5. mars 2023 kl 10 – 16 begge dagar.

I rallylydighet går eigar og hund ein bane saman i ei bestemt rekkefølgje. Banen består av 15-22 skilt med ulike øvingar frå lydigheit, agility og feestyle. Det er nye banar for kvar konkurranse slik at skiltkombinasjonane ikkje er gitt på førehand. Før konkurransen får ein 10 min til å briefe banen. Alle startar konkurransen med 200 poeng og får ein feil blir poeng blir trekte frå. Det er offisielt fire klassar (1, 2, 3 og elite) der vanskelegheitsgrada aukar oppover i klassane.

Hovudfokus i rallylydigheit ligg på glede, samspel og gode haldningar mellom hund og eigar. Eigar har derfor lov til å rose og oppmuntre hunden under konkurransen. Sporten passer derfor godt for alle hunder.

http://www.rally-lydighet.com/praktiskinfo/regler-skilt-baner-mm/skilt/

Voss hundeklubb ynskjer å tilby kurs for å auke aktiviteten og kompetansen innan rallylydigheit. Me har som hovedregel konkurransetrening kvar torsdag, og ynskjer at dei som blir med på treningane tek kurs (dette eller tilsvarande) og/eller har god kjennskap til hundesporten.

Instruktør: Rønnaug Nesheim

Pris: Kr 1400 for medlem / kr 1800 for ikkje-medlem

Maks tal deltakarar: 6 stk

Påmelding til lp@vosshundeklubb.com (innan 24. februar)

 

Introkurs i rallylydigheit

Sist oppdatert 13/01/23, klokken 13:45

Det blir introduksjonskurs i rallylydigheit 1. og 2. oktober på Tvildemoen.

Laurdag: kl 10.00 – 16.00

Søndag:  kl 10.00 – 15.00

Intruktør: Elin Sparre Pedersen

Elin konkurrerer aktivt innan rallylydigheit med Iba og Milli. Dette er Engelsk Springer Spaniels og begge er rallylydigheitschampions. Ho har drive med rally sidan 2018, og har elles lang erfaring med hundetrening.

Max: 6 deltakarar (fyrstemann til mølla)

Pris: kr 1600

Meld på til lp@vosshundeklubb.com

Sjekk elles www.rally-lydighet.com og Nytt-regelverk-2018.pdf (rally-lydighet.com)